Rudi reviewed Tausheten i Sokndal by Egil Mydland
Bygda og krigen
Eng: A novel about a small Norwegian town's reaction (and non-reaction) to the German occupation. Nor: Sidan eg sjølv er frå Sokndal, var dette ei kjekk bok å lese. Eg håper at den bygger på korleis situasjonen faktisk var. Men eg veit ikkje om boka er like spanande for andre. Det er ei sjølvpublisert bok, på godt og vondt. Den kunne godt hatt seg ein runde med ein redaktør - det er mykje "tell" heller enn "show". Samtidig er det ikkje sikkert at boka hadde overlevd ei runde gjennom eit etablert forlag, så eg er sånnsett nøgd over at ho likevel blei publisert.